24 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Det er førti år sidan Kina slo inn på ein tydeleg kapitalistisk kurs, med langsiktig mål om å bli ei imperialistisk supermakt.

Denne lange marsjen inn i den imperialistiske leiren har til no vore pakka inn i raude frasar og faner for å dra maksimal føremon av KKPs historiske bragder hjå eige folk.

kinakart

Mao Tse Tung døydde 9. september 1976. Hua Guofeng vart partiformann og statsminister etter Mao. Han høyrde til i krinsen rundt Mao i leiinga av Kinas kommunistiske parti (KKP). Det braut snart ut partikampar i KKP, som dreide seg om avgjerande lineval for Folkerepublikken Kina og KKP.

Kontrarevolusjonen i Kina

Deng Xiaoping og hans høgrefraksjon tok makta i KKP i desember 1978, på den 11. sentralkomitekongressen sitt tredje plenum, og Hua og folka kring han vart skyve ut. Deng trygga makta si ytterlegare på KKP sin 12. kongress i 1982 og på Den nasjonale delegatkonferansen hausten 1985. Samstundes vart òg klassesamansetninga i dei viktigaste parti- og statsorgana endra, slik at stadig færre arbeidarar og bønder og stadig fleire akademikarar og byråkratar kom inn i desse. På delegatkonferansen i 1985 hadde 76 % av deltakarane universitetsutdanning. Intelligentsiaen og ekspertane vart styrkte på arbeidarane og bøndene sin kostnad.

Dei som vert kalla for maoistane i KKP vart på same viset reinska ut av partileiinga, partiet, departementa, statsapparatet, regional og lokal forvalting, og i leiinga av militæret i løpet av ganske få år etter 1978.

61 % av dei som vart valt til den 12. sentralkomiteen i 1982 var ikkje med i sentralkomiteen som var valt i 1977.

Klasseanalysa til KKP vart endra, slik at dei intellektuelle og byråkratane vart rekna som ein del av arbeidarklassen.

Samstundes med dette skjedde det ei rehabilitering av og eit fornya fokus på konfusianismen frå dei kinesiske styresmaktene si side.

I ein ny resolusjon om partihistoria vedteke i 1981 står det: «Det har skjedd eit historisk vendepunkt av vidtrekkjande verknad.» 900 000 partikadrar vart reinska ut av KKP frå 1979 til årsskiftet 1984/85.

Økonomiske reformar …

Deng og folka kring han starta samstundes med dette økonomiske reformar i kapitalistisk lei –den viktigaste av desse var oppløysinga av folkekommunane frå 1980. Landbruket vart privatisert, og marknadskreftene vart slepte laus innan landbruk, handel og småindustri. Deng og den nye parti- og statsleiinga lanserte parola «Eitt land –to system». Det vart oppretta særskilte økonomiske soner i sør og aust. Utanlandsk kapital vart slept inn i stadig større skala og den statlege prisreguleringa vart oppheva. Arbeidskrafta vart etter kvart ei vare òg i Kina. Arbeidsdelingane i det kinesiske samfunnet (mellom fysisk og intellektuelt arbeid, mellom kvinner og menn) vart i desse åra forsterka og gjekk slik i retning bort frå sosialismen og i retning kapitalismen.

Oppløysinga av folkekommunane førde til store sosiale omveltingar i det kinesiske samfunnet, då desse ikkje berre hadde vore arbeidplassar, men òg sosialt tryggingsnett. Dette førte til flukt frå landsbygda til byane og fleire milllionar kinesarar vart i løpet av kort tid flyktningar i eige land.

Ein konsekvens av dette var at det oppsto store regionale forskjellar og kriminalitet, prostitusjon og narkotikabruk blømte i dei store byane. For å motverke den sterkt aukande kriminaliteten bestemde dei kinesiske styresmaktene seg til å gjera noko med verknadene, brotsverka, og ikkje med årsaka: den aukande fattigdomen og sosiale nauda. Dei vedtok ei kampanje der auka bruk av dødsstraff var botemiddel. Det vart sett eit måltal på 5000 dødsdomar i løpet av 1984, og denne målsetjinga vart overoppfylt med 24 000 avsagte og eksekverte dødsdomar innan året var omme.

… og politisk omlegging

Det vart i desse åra innført ein type statsmonopolkapitalisme i Kina som var kjend frå Sovjetunionen og Jugoslavia, med kapitalistiske produksjonstilhøve under sterk statleg kontroll. Målet for produksjonen vart profitt i staden for folkets behov.

Det skjedde ein overgang til taylorismen og andre kapitalistiske modellar for organisering av produksjonen.

Direktørane i kinesiske verksemder fekk eineansvar for produksjonsprosessen, og dei tidlegare revolusjonskomiteane på arbeidsplassane som hadde hatt ei avgjerande rolle i organiseringa av produksjonen og verksemdene, vart avvikla tidleg på 1980-talet. At direktørane skulle ha eineansvar i verksemdene hadde vore Deng sitt framlegg alt på 1950-talet og var grunnlaget for første kritikkrunden mot han og fråtaking av partiverva hans på slutten av det tiåret.

Arbeidarkongressane vart fråteke all reell makt.

Samstundes med dette skjedde ei endring i kinesisk utanrikspolitikk. Sosialimperialismen erstatta den proletariske internasjonalismen, synleggjort ved at m.a. gratis våpenhjelp til ulike frigjeringsrørsler vart erstatta med sal av våpen på den internasjonale marknaden. Kina si rolle som stormakt fekk forrang i staden for alliansebyggjing med land og nasjonar i den tredjeverda. Landa i Aust-Europa vart erklærte som «sosialistiske» av KKP, og partiet innleidde offisielt partisamband med ei rad revisjonistiske, sosialdemokratiske og borgarlege parti.

«Sosialistisk marknadsøkonomi»

KKP gjekk offisielt inn for marknadsøkonomien som doktrine for samfunnsutviklinga etter vedtak på partikongressen i 1992.

«Sosialistisk marknadsøkonomi» vart då lansert som grunnleggjande parole for utviklinga i landet, og verksemder og arbeidsliv i dei særskilte økonomiske sonene i aust og sør vart drivne etter same mønster som i dei europeiske koloniane Hong Kong og Macau, som på dette tidspunktet enno ikkje var tilbakeført til Kina.

Utover på 90-talet skjedde ei avvikling av statlege og kollektive verksemder. 45 millionar arbeidarar vart i løpet av få år oppsagte frå jobbane sine. Stillingsvernet for kinesiske arbeidarar vart oppheva. Tidlegare hadde det vore rett til livstidstilsetjing ved alle arbeidsplassar. No kunne verksemder òg gå konkurs.

Det vart opprette mange ulike joint ventures/foreign invested enterprises, dvs. eit samvirke mellom utanlandsk og kinesisk kapital. Utanlandske føretak fekk oppretta eigne fabrikkar, investera og tilsetja direkte i Kina.

Det vart bygd opp store statseigde kinesiske selskap, særleg innan bank, energi, telefoni og transport, samstundes med at store privateigde føretak vart bygde opp. Desse privateigde føretaka er etterkvart «under statleg kontroll» berre ved at eigarane er knytt opp til regjerings/partiapparatet ved familie- og venskapsband. Dømer på dette er Huawei og BYD. Dette har ført til etablering av fleire store parti- og familiedynastier, og ein omfattande offentleg og privat korrupsjon.

Sidan 1990-talet er det støtt færre tilsette i statlege verksemder. I byane er no er berre kring 17 % tilsette i statleg sektor. Statsverksemdene i Kina utgjer no under ein firedel av Kina sitt BNP, mindre enn i Noreg og mange andre erklært kapitalistiske land.

For alle stillingar i den kinesiske statsapparatet er det eit krav om medlemskap i KKP, og partiet er den største partiorganisasjonen i verda med om lag 88 millionar medlemer. Til samanlikning hadde Kina etter den siste folketeljinga frå 2016 1,379 milliardar innbyggjarar.

Auka inntektspolarisering og klasseskiljer

Denne politikken har ført til at det no er langt større inntektsskilnader i Kina enn i meir framskridne kapitalistiske land. Folk i byane har i snitt høgare inntekt enn folk på landsbygda, dei best betalde industritilsette har 15 gonger høgare løn enn dei med lågast inntekt, toppleiarane i statlege verksemder tener 18 gonger meir enn dei tilsette. Tenestemennene med høgast løn tener i snitt 128 gonger meir enn gjennomsnittsløna i landet.

Tal frå 2015 synte at den rikaste eine prosenten av folket i Kina eigde ein tredjedel av landet sin rikdom, medan den fattige fjerdedelen eigde 1 prosent. Den målte arbeidsproduktiviteten er 9 gonger større i verksemder med utanlandsk investert kapital enn i statlege og kinesisk eigde verksemder.

Den høge utbyttinga av arbeidskraft og store regionale skilnadar i landet har ført til eit stadig større sosialt og økonomisk gap mellom statsbyråkratar og kapitalistar på eine sida og arbeidarar, bønder og arbeidslause på hi sida.

Den harde utbyttinga og det gjennomgåande brutale arbeidsmiljøet i det kinesiske arbeidslivet førar til store menneskelege lidingar. Tal frå ungdomsforbundet til KKP synar at 600 000 kinesiske arbeidarar døyr i arbeidsulukker kvart år.

Oppløysinga av folkekommunane og nedleggjinga av statlege og kollektivt eigde arbeidsplassar har skapt ein stor industriell reservearme, noko som pressar lønene i industrien nedover. Som ein reaksjon på dette har det brote ut streikar og sosial uro som har vorte slått brutalt ned av styresmaktene. Einskildpersonar som har opponert mot denne utviklinga, m.a. maoistar som Zhang Yunfan, har vorte arresterte og internerte.

Kina er no det landet i verda med flest milliardærar.

Frislepp av alle formar for kapitalistisk eigedom har ført til at mange kinesarar har vorte rike. Kina er no det landet i verda med flest milliardærar, medan to tredjedelar av det kinesiske folket lever i stor fattigdom.

Det er samstundes klåre kapitalistiske kriseteikn i den kinesiske økonomien. Summen av uteståande banklån er mykje større enn mengda av verdipapir og obligasjonar.

Tal frå Federal Reserve bank frå 2010 synte at kinesiske banklån var 138,1 % av landets BNP. Samla marknadsverdi på dei to børsane i landet var 27,1 % av BNP.

Kinesiske selskap er dei som skuldar mest i verda, og har gjennomsnittleg ein særs høg gjeldsgrad. Det har ført til fall i aksjekursane og økonomiske krisar som i kapitalismen elles.

Den kinesiske imperialismen

Kina har no den nest største økonomien i verda, etter USA, og kinesiske investeringar i utlandet er sterkt aukande innan dei fleste sektorar. Kina sin økonomi vil ut frå økonomiske utrekningar gå forbi USA i løpet av få år.

kina renminbi by sa pnoericKinesiske private og statlege føretak investerer profitten sin over heile verda. Desse investeringane gjeld alle moglege sektorar, frå teknologi, telekommunikasjon, transport, infrastruktur, møbelfabrikkar (som Ekornes i Noreg) til tenesteyting, filmselskap, fotballklubbar og alt som kan gje profitt.

Kina sin kapitaleksport var på 183 milliardar dollar i 2016. I 1983 var tilsvarande tal 1,3 mrd. dollar. Kina er USA sin største kreditor, og kinesiske lån til USA er i 2018 på 1168 milliardar dollar i form av amerikanske statsobligasjonar. Desse låna har vore oppe i 1400 mrd. dollar i 2013.

I 1980 var Kinas økonomi 10 prosent av USA sin, medan den i 2010 svara til 75 % av USA sin.

Det har vore ein gjennomgåande sterk vekst i Kinas BNP i dei siste tiåra med eit snitt på 9,7 % kvart år, medan veksten som eit resultat av den økonomiske krisa har avtatt dei seinaste åra og var på 6,9 % i 2017.

Kina sitt produksjonsvolum gjekk forbi USA for 10 år sidan, og Kina eksporterar tre gonger så mykje som USA. USA produserer enno mest målt i marknadspris, men målt i relative prisar har Kina gått forbi USA.

Investerer i Afrika

Kina er no den største investoren og viktigaste handelspartnaren for landa i Afrika. Kina sine investeringar gjaldt i første omgang særleg Angola, Sør-Afrika. Sudan og DR Kongo, men har i dei seinare åra breidd seg ut overheile kontinentet. Kinesiske investeringar var fyrst retta inn mot å sikra tilgang på naturressursar og eksportmarknadar, men har i dei seinare åra i aukande grad dreid seg om å gje lån og vinna politisk kontroll.

Dette har frå Kina si side ført til stor satsing på utvikling av industri og infrastruktur i Afrika. Økonomiske avtalar reknast i aukande grad i den kinesiske valutaen renminbi. Dette er med på å svekka USA sin posisjon, då dollaren til no har vore internasjonal reservevaluta og avtalt valuta ved dei fleste internasjonale transaksjonar.

Kina har òg ei rad store infrastrukturprosjekt i ei rad land i Oceania og Karibia, ofte ferdigstilt med utelukkande kinesisk arbeidskraft.
Dette er ei klår utfordring for Kina sine imperialistiske rivalar, i første rekke USA.

Kina har dei seinare åra og ført ein meir aggressiv utanrikspoltikk. Dette syner seg tydeleg i konflikten om øyer, skjær og havområde – les ressursar, i Sør- Kinahavet og Aust-Kinahavet. Her ligg Kina i konflikt med Vietnam, Filippinane, Indonesia, Malaysia, Brunei, medan USA ut ifrå eigne interesserstår bak desse landa militært og politisk.

Kina er vidare i ein gamal grensekonflikt med India grunna imperialistiske grensetrekningar på 1800-talet, men denne konflikten er tona ned dei seinare åra.

Grensekonflikten med Russland er i same perioden tona ned, og det har vore ei politisk og økonomisk tilnærming mellom Kina og Putins Russland.

Artikkelen held fram under biletet.

amerika kina

Rivalisering og stormaktsdraumar

Ei av årsakene til dette er rivaliseringa med USA, ei anna er Kina si satsing på samarbeidet mellom Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika i BRICS.

Kina satsar òg tungt på utbyggjing av infrastruktur for å sikra sine handels- og transportvegar. Det klåraste dømet på dette er Belt and Road Initiative (BRI), «den nye Silkevegen» over land og sjø som skal gå mellom Kina og gjennom 68 land i Asia, Afrika og Europa. Dette er verdas klårt største infrastrukturprosjekt gjennom alle tider og har ein forventa kostnad på omlag 11,4 billionar norske kroner.

Kina har likeeins ei målsetjing om å verta ei «polar stormakt», jfr. landet sin noverande president Xi Jinping. Dette kjem til syne ved landet si nye interesse for Arktis, og ved freistnadane frå statlege og private kinesiske interesser i å kjøpa eigedom, hamner og landområde på Svalbard, Island og Grønland.

Kina har oppretta og gått i spissen for «Asian Infrastructure Investment Bank». (AIIB) Han er oppretta som ein kinesisk konkurrent til Verdsbanken, og om lag 40 land i vesentleg Asia og Midt-Austen er med i denne.

Rivaliseringa mellom Kina og USA gjev seg støtt nye utslag. Trump og USA har erklært handelskrig og auka tollsatsar på kinesiske varer, og Kina har varsla mottiltak mot dette. Kinesiske sentralbanken har tilført bankane meir pengar til utlån, den kinesiske valutaen har vorte svekt med 5 % og det har vorte sett i gang store nasjonale infrastrukturprosjekt. Samla støttepakker og tiltak så langt i 2018 er ifylgje kinesiske tal på ein sum i overkant av 3000 milliarder kroner.

Alt tyder på at dei neste åra vil verta prega av aukande rivalisering mellom Kina og USA.

Alt tyder på at dei neste åra vil verta prega av aukande rivalisering mellom Kina og USA, at Kina vil styrka seg ytterlegare økonomisk, politisk og militært, og at landet har ambisjonar om å bli verdas leiande supermakt.

Den kinesiske imperialismen og stormaktspolitikken er like lite snill og human som all annan imperialisme og stormaktspolitikk, og også vi i fjerne Noreg vil på tallause vis få merke det.

Kraftig opprusting

Kina har foretatt ei kraftig opprusting og modernisering av militærvesenet på 1990- og 2000-talet. Landet har gått frå store og lett væpna nærforsvarsstyrkar under den sosialistiske epoken til eit offensivt og potensielt eksternt retta militærvesen.

Det har særleg vorte satsa på å byggja opp ein havgåande marine med tils vidare to hangarskip, 70 ubåtar og om lag 700 større og mindre havgåande fartøy, modernisering og utbyggjing av flyvåpenet, styrking av dei strategiske missilstyrkane med ballistiske missilar som kan nå mål i USA og Europa, og oppretting av ein stor cyberstyrke. Landet har truleg om lag 250 strategiske atomvåpen, som er same nivået som Frankrike og Storbritannia.

Kina har den største ståande hæren i verda med 2,3 millionar soldatar.

Kina har den største ståande hæren i verda med 2,3 millionar soldatar, samt svært store reservestyrkar. Landet har verdas nest høgaste miilitærbudsjett, etter USA. Kina brukar stadig større summar på militær forsking og utvikling, og nyttar no like mykje på dette som alle landa i Vest-Europa til saman.

Folkets frigjeringshær er underlagt KKP ved Militærkommisjonen, ikkje den kinesiske staten eller landet sitt forsvarsdepartement. Det er snarare hæren som styrer stat og parti, enn motsett.

I 2017 etablerte Kina sin første militærbase utomlands, ved avtale med Djibouti på Afrikas Horn om oppretting av ein flåte- og forsyningsbase for den kinesiske marinen. Dette inngår i landet sine ambisjonar om å sikra sine handels- og transportvegar med militære middel, på same viset som dei europeiske imperialistmaktene sikra tilsvarande interesser på 1800- og 1900-talet.

Han-sjåvinisme og auka nasjonale og sosiale motseiingar

Parallelt med den sterke økonomiske voksteren og dei auka klasseskiljene i Kina, har dei nasjonale motseiingane innan landet styrka seg. Han-kinesarane utgjer om lag 92 % av folket i Kina, medan resten er fordelt på 55 nasjonale minoritetar. I store område vest og sør i landet, på omlag 60 % av Kina sitt areal på 9579 mill. kvadratkilometer, utgjer desse nasjonale minoritetane eit fleirtal av folkesetnaden. Den økonomiske utviklinga i Kina har ikkje berre vore skeivt fordelt sosialt, men òg geografisk, slik at landsbygda og utkantane, kor fleirtalet av desse minoritetane bur, har vorte hengande etter. Ein tilleggsdimensjon her er at nokre av desse minoritetane gjennom mange hundre år har vore muslimar. Religionen har dei seinare åra fått aukande tyding og sprengkraft grunna ei kjensle av diskriminering frå den kinesiske sentralregjeringa og Han-kineserane, og frå islamsk påverknad frå Kina sine nabostatar i vest. Ein nasjonal minoritet som har målbore dette er uigurane i den autonome regionen Xinjiang, som har vorte utsett for omfattande kontroll- og undertrykkjingstiltak frå den kinesiske staten.

Kina nyttar store ressursar på indre tryggjingstiltak og har utvikla eit omfattande teknisk og fysisk kontrollregime for å halda oversikt over og styring med sin eigen befolkning.

Kina og «KKP» tillet ein pro forma opposisjon, så lenge denne ikkje på noko vis trugar det kapitalistiske systemet og statsapparatet si makt. Dette gjer at åtte politiske parti av høgst marginal karakter er tillatne i tillegg til «KKP», medan ein kommunistisk opposisjon og kommunistisk organisering er forbode og forfylgd. Dette har i dei seinare åra råka freistnaden på å byggja opp og propagandera for parti som Kinas maoistiske kommunistparti og Kinas proletarisk-revolusjonære sentralkomite, som vart oppretta høvesvis i 2008 og 2010. Desse partia må, på same viset som Mao Tse-Tung-selskapet, halda sine demonstrasjonar, markeringar og møte i Hong Kong, som på dette området enno nyt godt av dei borgarleg-demokratiske fridomane som området fekk dei siste få åra av britisk kolonistyre. Nok eitt av paradoksa som finns under parola «eitt land, to system».

Ein ny revolusjon er naudsynt

Frå slutten av 1970-talet og framover er det kapitalismen, og ikkje sosialismen, som har vorte bygd i Kina. «KKP» har vorte eit borgarleg og revisjonistisk parti, og Kina eit sosialimperialistisk land. Revisjonismen ved makta er borgarskapet ved makta.

Arbeidarane og bøndene i Kina har bore kostnadane ved marknadsøkonomien og innføringa av kapitalismen. Denne utviklinga vart samstundes øydeleggjande for dei partia og organisasjonane som følgde med Kina på den revisjonistiske vegen. Det er lite som inspirerer progressive og revolusjonære meir enn sosialistiske revolusjonar og byggjing av sosialismen i andre land, og lite som er meir øydeleggjande enn kontrarevolusjonar og politisk degenerering i dei same.

Det er likevel mange viktige lærdomar å hausta frå den kinesiske revolusjonen og byggjinga av sosialismen i Kina, på same viset som av byggjinga av sosialismen i Sovjetunionen, Albania og andre tidlegare sosialistiske land.

Den aller viktigaste lærdomen er at arbeidarklassen og deira allierte må organisera seg politisk og fagleg, byggja eit nytt kommunistisk parti, reisa seg på ny og gjennomføra ein ny sosialistisk revolusjon.

Artikkelen er basert på ei innleiing som vart halden på KPml sin sommarleir i august 2018. Prenta i Revolusjon nr. 53 (2/2018).

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre