19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Det er 4. mai i år 100 år sidan det som sidan har vorte kalla 4. mai-rørsla oppsto i Kina. På denne datoen samla nokre tusen studentar frå ulike universitet og høgskular i Beijing seg på Tiananmenplassen til ein demonstrasjon. Det var fleire grunnar til denne demonstrasjonen, men den viktigaste var protest mot utanlandsk imperialisme og dominans i Kina.

Studentane hadde fått kjennskap til at Japan, som eit av resultata av Versaillestraktaten etter 1. verdskrigen, ville bli tildelt det tidlegare tyske området i Shandong, og at systemet med ulike utanlandske interessesfærer i Kina ville halde fram. Dette skapte stor misnøye, særleg blant kinesiske intellektuelle, og avdi Kina hadde kjempa på sida til dei sigrande allierte under 1. verdskrigen. Studentane marsjerte ma under parolar som “Ikkje signer Versailles-traktaten,” og “Kjemp for suverenitet utanlands, kjemp mot forrædarane innanlands.”

Det var ønske om nasjonal sjølvråderett saman med politiske krav om fridom og demokrati som slik var det sosiale grunnlaget for demonstrasjonen. Det keiserlege Qing-dynastiet sitt fall i 1911 hadde ikkje ført til auka politisk fridom og sosial framgang slik som massane i Kina hadde vona, men til borgarkrig mellom lokale krigsherrar som styrte ulike delar av landet, noko som førte til store lidingar for folket.

Kort tid etter 4. mai spreidde demonstrasjonane seg over det meste av Kina, først til studentar i andre byar men etterkvart og til andre delar av folkesetnaden. Dei kinesiske styresmaktene freista slå ned demonstrasjonane og protestaksjonane, og fleire av studentleiarane vart fengsla. Arbeidarar gjekk til streik og handelsmenn boikotta japanske varer. Demonstrasjonane og streikane førte til at dei kinesiske representantane i Versailles ikkje torde signere traktaten, men Japan fekk likevel tildelt dei tidlegare tyske områda og dei britiske, franske og amerikanske interessesfærane heldt fram som før.

4. mai-rørsla la i tida etter dette grunnlaget for ein brei nasjonal motstand, med folk frå alle klassar og nesten alle samfunnslag, mot utanlandsk dominans og utbytting av Kina, og fekk slik vidtrekkjande politiske konsekvensar.

4. mai-rørsla skjedde heller ikkje isolert, men var del av ei stor politisk og kulturell oppvakning i Kina. Dette var i særleg grad initiert av nederlaga i dei såkalla opiumskrigane mot Storbritannia på midten av 1800-talet, og nederlaget i krigen mot Japan i 1895. Keisardømet og den konfusianske kulturen vart med rette peika på som årsak til at Kina var veikt og tilbakeliggjande, og til fattigdomen og lidingane til det kinesiske folket. Tidleg i den republikanske epoken frå 1911 oppsto det som vart kalla Ny kultur-rørsla som var inspirert frå vesten, og som gjekk inn for borgarleg demokrati, rettstryggleik og auka politisk fridom. Desse ideane fekk noko innpass blant intellektuelle og delar av småborgarskapen i Kina, og avdi dette var dei delane av folket som hadde tilgang på nyhende og som kunne lesa og skriva.
Det vart, i tillegg til krav om nasjonalt sjølvstende, ein sentral del av 4. mai-rørsla å stilla spørsmål til gamle verdiar og sanningar i det kinesiske samfunnet, og utfordra det beståande.

Det var og inspirert av dette nyvunne politiske og kulturelle medvitet at kvinnene si rolle i Kina byrja bli endra, og det for første gong vart fremja kritikk mot det tradisjonelle konfusianske patriarkatet og det omfattande konkubine-systemet. Etter at nyhenda om Oktoberrevolusjonen i Russland sakte men sikkert spreidde seg i Kina, vart han ei viktig inspirasjonskjelde for den politiske oppvakninga i landet. Då Kinas Kommunistiske Parti (KKP) vart danna i 1921, var mange av dei første medlemene der sentrale personar frå 4. mai-rørsla.

4 mai-rørsla fekk såleis ei sentral rolle som inspirasjonskjelde både i frigjeringskrigen mot Japan og i den kinesiske revolusjonen, og har i tida etter fått ein  viktig plass i den offisielle kinesiske historia. Mao Zedong sa td i 1939 at: “Det er heilt klårt at dersom det ikkje hadde vore for 4. mai-rørsla, så ville den første store revolusjonen aldri vore mogleg.”

Den revisjonistiske leiinga i KKP vart difor engstelege då dei kinesiske studentane, med 4. mai-rørsla som inspirasjon, atter byrja å røra på seg våren 1989, 70 år etter den første store demonstrasjonen på Tiananmen. Studentane bar m.a. parolar med: “Bær framover 4. mai-anden, kjemp for demokratisk fridom”, og fekk òg etterkvart støtte frå studentar og arbeidarar i andre delar av landet. Andre parolar retta seg m.a. mot korrupsjonen og nepotismen i den kinesiske staten, og mot auka inflasjon og matvareprisar.

Dei kinesiske styresmaktene slo òg denne gongen ned demonstrasjonane, men denne gongen faktisk langt meire blodig enn i 1919. Eit stort antal demonstrantar vart drepne og skadde, og tusenvis vart arresterte og stengde ute frå universiteta.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre