19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Det var den første tanken som slo meg då eg såg den kvalmande førestillinga frå Byneset utafor Trondheim 30 oktober i år.

NRK sørget for full reportasje av NATOs «underholdning» på Byneset.NRK sørget for full dekning av NATOs «underholdende» krigsoppvisning ved Byneset.

Ei tribune er reist på ein bakketopp med utsikt mot fjorden. Her har VIP er frå fjern og nær benka seg for å sjå at NATO demonstrerer makt i militærøvinga Trident Juncture. Alt medan dei får servert kanapear og sprudlande champagne.

Militærparade i beste sendetid er noko nytt i Norge. Her er sidekommentatorar som legg ut om taktikk, utstyr. Og omtalen av US Marines får nærast bibelske vendingar.

Men øvinga Trident Juncture handlar om krig. Og krig er død, lemlesting og stanken av blod og redsel. Det blir gløymt.

Krigstrommene og propagandaen får stort sett stå uimotsagt i norsk media i desse dagar. Russland og Putin er den stygge ulven og vonde krafta som regjeringa og ein USA-lydig flokk i Stortinget nok kunne tenke seg å bombe dersom USA ynskte det.

Spørsmålet som bør rettast til tilskodarane på bakketoppen er om all liding, sivile og militære i tillegg til enorme naturøydeleggingar, er gløymt i øvingsopplegget.

Kva i all verda er formålet? Ein konflikt vil høgst sannsynleg utvikle seg til ein kjernefysisk konfrontasjon. Kva vil vi då oppnå? Og har vi nokon utanrikspolitisk eigenvilje utafor Pentagon?

– Det er krig de let dykk underhalde av.

Nokon burde fortelje dei prominente på tribuna nokre enkle fakta. Det er krig de let dykk underhalde av.

Fleire titals tusen menneske blir kvart år drepne på grunn av krig. Mange lever med redsle for at nettopp deira liv er det neste som blir ofra. Barn er redde for at dei misser sine foreldre.

Det blir brukt milliardar på å føre krig. Ikkje ei av dei kronene løyser noko problem, men det skapar nye.

Vi markerer årsdagar for krigar der vi minnast kor vold somme våre forfedre var. Men når eg ser markeringa på Byneset lurer eg på kva vi har lært. Steinaldermennesket brukte treklubba, vi bruker geværet. Kor er forskjellen?

Og kva med framtida? Tilskodarane på Byneset representerer i alle fall ikkje håpet. Det vi er vitne til er ei skam. Fredsnasjonen Norge er avvikla.

For alle dei land og menneske som er råka av verkeleg krig er håp ein viktig del av kvardagen. Håpet om at ein dag blir alt betre.

Håp er det viktigaste eit menneske kan ha. Utan håp er vi ingenting.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre