
Noreg får eit «nasjonalt forsvar» integrert i den britiske marinen, og ein nordisk forsvarsallianse styrt frå Virginia. Er Raudt nøgd no?
Stortinget vedtok i juni 2024 samrøystes ny styrkestruktur for Forsvaret, Innstilling 426 S 2023 – 2024, som medfører kraftig opprusting av alle delar av det norske militærvesenet. Dette er det sokalla forsvarsforliket, som samtlege parti på Stortinget stilte seg bak, medrekna Raudt og SV. Til grunn for dette vedtaket låg innstilling frå Forsvarskommisjonen av 2021, to NOU’ar som heiter «Forsvar for fred og frihet» og «Det er alvor nå» og viktigast her: Stortingsproposisjon 87 S 2023 – 2024 som tilrådde at det skulle nyttast 1624 mrd kr til forsvarsformål fram til 2036.
Denne prop’en tilrådde ikkje berre ei kraftig auke i militærløyvingane, men sette òg opp politiske mål og forventningar til Forsvaret for dei komande åra, gjennom m.a. følgjande:
«NATO kapabilitetsmål i land, luft, sjø, spesialstyrker, felleskapasiteter og stabilisering og gjenoppbygging; Bedre beredskapen i tråd med NATOs standarder; Norge bidrar fortsatt jevnlig til operasjoner, oppdrag og engasjementer i utlandet. I det maritime domenet leverer Norge samlet sett de maritime styrkeelementene som NATOs kapasitetsmål etterspør.»
«Styrkingen av Forsvaret skal understøtte tett og integrert alliert samvirke og NATO som en troverdig og effektiv garantist for norsk og alliert sikkerhet.»
«Forventningene til at Norge stiller med substansielle bidrag til allierte operasjoner vil øke.»
«Flest mulig av Forsvarets kapasiteter må være anvendbare både hjemme og ute. Derfor må norske enheter og alt fast tilsatt militært personell, samt enkelte kategorier sivile og reservister, også være disponible for oppdrag både nasjonalt og i utlandet.»
Det samrøystes vedtaket i Stortinget om militærløyvingar vart med rette kalla historisk – ikkje berre ut frå den store mengda pengar som det innbefatta, men òg av di det bind opp Stortinget ut over fleire periodar, og slik vert gjeldande for fleire Storting. Vedtaket var òg historisk på det viset at det syna at det ikkje lenger finnast nokon forsvarspolitisk opposisjon på Stortinget.
Raudt si tilslutning til forsvarsforliket i Stortinget skapte omfattande strid og splid i partiet. Etter ein hard og tidvis uforsonleg partikamp vann partileiinga fram med si nye forsvarspolitiske line, til kostnaden av at mange titals partiaktivistar melde seg ut og andre gjekk i passivitet. Dette skjedde mellom anna i Oppland, Akershus, Østfold, Telemark, Agder, Rogaland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Troms. Ein heil del av dei som meldte seg ut gjekk inn i det nystifta partiet «Fred og rettferdighet» (FOR). Medlem i Raudt som gjekk ut i media med erklæring om at dei ville røysta på FOR grunna den nye lina som gjorde Raudt til eit krigsparti, vart ekskluderte frå partiet. Det er framleis ein ganske stor antikrigsopposisjon i Raudt, men han er openbert svekka etter utmeldingane og eksklusjonane og partileiinga sitt hardkjør.
Raudt i «stram giv akt»
Raudt si partileiing og stortingsgruppe, særleg ved partiet sin talsmann i forsvarssaker på Stortinget, Bjørnar Moxnes, har i tida etterpå ved ulike høve freista framstå som klar motstandar av NATO, og kritisk til delar av forsvarspolitikken og det forsvarsforliket dei har gått inn for. Dette gjeld m.a. ved uttalt motstand mot dei amerikanske basane på norsk jord, og ved å gå inn for å vri nokre av alle forsvarsmilliardane over mot lokale innkjøp og norske lokale forsvarstiltak. Samstundes har same Moxnes uttala i intervju med VG: «Rødt står i stram giv akt og på geledd ved siden av Forsvarssjefen når han sier at Forsvaret har fått de midlene som skal til for å sikre norsk forsvarsevne.» Slike utsagn må virka beroligande på dei som måtte tenkje at Raudt ikkje er ein ansvarleg og påliteleg alliert i forsvarspolitiske spørsmål, og noko som vil gjera det enklare for Raudt-leiinga å oppnå sine ambisjonar om taburettar og posisjonar i ei ny Ap-regjering.
Raudt forfekta tidlegare parola om eit sterkt nasjonalt og uavhengig forsvar. Nokre av partiet sine representantar kan enno ved ymse høve og i festleg lag stadig hevda dette synspunktet, men røynda syner at dette er eit forbigått stadium i Raudt sin politikk. Spørsmålet om uavhengig forsvar er openbert forlete av leiande krefter i partiet. Det er no ikkje spørsmål om, men heller med kven og kor mange andre imperialistiske land Noreg skal alliera seg militært med. Til erstatning for den gamle parola om uavhengig forsvar vert no den gamle SV-parola om ein nordisk forsvarsallianse relansert av Raudt. Men dette med den ikkje uvesentlege endringa at Raudt vil ha med fleire land enn dei som vanlegvis kallast Norden. Dette kjem til uttrykk m.a. ved avisinnlegg av Jan Petter Bastøe og stortingsrepresentant Remi Sølvberg frå januar 2025: «Et styrket forsvarssamarbeid mellom de nordiske landa, Storbritannia, Tyskland og Frankrike vil være en naturlig og strategisk vei framover.» Vidare i ei innleiing frå Magne Kaldhusdal, som sitt i Raudt sitt internasjonale utval: « … behov for samarbeid med naboland, eit regionalt forsvarssamarbeid. Eit slikt samarbeid er under utvikling. Eit interessant eksempel for Norge er eit samarbeid mellom 10 nordeuropeiske land, under namnet Joint Expeditionary Force. Dette samarbeidet inkluderar land som har særskilt stor interesse av å møte politisk og militært press fra både USA (jf. Grønland) og Russland. Denne regionen er i ein heilt annan sikkerhetspolitisk situasjon enn f. eks. Spania og Portugal. Det er derfor logisk at desse landa søkjer saman i eit tettare regionalt samarbeid.»
Støre gjer nett det Raudt vil
På dette området er Støre-regjeringa allereie i ferd med å overoppfylla ønska frå Raudt. Fyrst ved den sokalla Lunna House avtala med Storbritannia frå desember 2025, om militært samarbeid i nord og ved kjøp av inntil seks britiskbygde fregattar til det norske sjøforsvaret. Desse fregattane skal vera av Type 26, same skipsklasse som den britiske marinen skal anskaffa åtte skip av. Canada skal anskaffa 15 fregattar basert på same type skrog og utrusting. Dei britiske og dei norske fregattane vil vera heilt identiske. Dette er spesialiserte fregattar for deteksjon og bekjemping av ubåtar, særleg som eit ledd i NATO si verksemd i nordområda. Det er kjend at desse fregattane er mangelfullt utstyrt med eige områdeluftvern, slik at dei i ein stridssituasjon vil vera sårbare og ikkje kan operera aleine. Britane vil ha andre typar fregattar og jagarar som utjamnar nett denne veikskapen ved Type 26 fregattane. Det har ikkje Noreg. Det er difor tydeleg at dei norske fregattane vil måtte operera saman med britiske eller andre allierte krigsskip, og slik berre vil utgjera ein avhengig og integrert del av større multinasjonale vestlege marinestyrkar.
Nyleg har Storbritannia erklært at landet òg vil auka den militære øvingsfrekvensen i Noreg og nordområda, samt dobla talet på britiske soldatar i Noreg. Dinest har den norske regjeringa inngått ny forsvarsavtale med Tyskland. Med Tyskland var det allereie tidlegare underskrive avtale om kjøp av seks ubåtar til den norske marinen, samt om sams bruk av marinebasa Haakonsvern ved Bergen for tyske og norske ubåtar. Haakonsvern må i samband med dette utvidast og byggjast ut for eit enno ukjent antal hundretals millionar kroner. Vidare har regjeringa ved statsminister Støre og forsvarsminister Sandvik annonsert at ho vil inngå liknande forsvarsavtale med Frankrike. Det er òg her nordområda som særleg skal prioriterast med auka militær aktvitet, kor Noreg si gamle rolle som «NATO sine auge og øyre i nord « og vil høva godt inn i dei nye NATO-planane kalla Arctic Sentry.
Hovudkvarteret til Arctic Sentry vil på same vis som NATO sitt hovudkvarter for Atlanterhavet og nordområda, deriblant då sjølvsagt Noreg, liggja i Norfolk, Virginia. Det er herifrå det norske Forsvaret og dei militære styrkane til alle dei aktuelle allierte landa i røynda vert styrte frå. Dette kan, sjølv med all mogleg velvilje, korkje seiast representera nokon som helst uavhengig militærallianse eller eit uavhengig norsk forsvar.
Sentralt i den omfattande norske opprustinga som er vedteke, er nyskaffing av store mengder nytt og avansert materiell. Dette gjeld skip, ubåtar, helikopter, langtrekkjande missilartilleri, stridsvogner og ulike typar luftvern. Sentralt i den før nemnde Lunna House-avtala med Storbritannia er innkjøp av fem fregattar til Sjøforsvaret, med opsjon på ytterlegare eit skip. Når avtala vart inngått for berre tre månadar sidan så var kostnadsramma på desse fem skipa 125 mrd. kroner, men ein månad etter var stipulert kostnad på dei same skipa 136 mrd. kroner. Kostnadane på militærmateriell har gjennom mange år stige raskare enn alle andre industriprodukt, og har dei siste åra skote ytterlegare fart. Trass i det som skulle framstå som ei særs romsleg forsvarsløyving frå Stortinget i 2024, er det no berekna at denne allereie er underfinansiert med 300 mrd. kroner opp mot det som er planlagt anskaffa. Dette gjer at det no vert diskutert om talet fregattar som skal kjøpast frå Storbritannia må reduserast frå fem ned til tre. Raudt ved Moxnes har i ordskifte gått inn for ein slik reduksjon av fregattvåpenet, opp mot ei auke av talet på standardiserte kystvakt- og nærforsvarsskip. Kystvakta skal løysa ei rad oppgåver, dei fleste av desse opphaveleg sivile gjeremål knytta til ressursforvaltning, fiskeri- og miljøoppsyn.
Fiskerioppsynet svekka
Då kan det vera eit poeng å visa til Kystvakta sin nyleg framlagte årsrapport for 2025, samt ymse media si graving i same, som syner at det samla talet oppdrag har auka med 13,1% frå 2024. I løpet av perioden 2024 – 2025 auka oppdraga Kystvakta har utført på vegne av Forsvaret med 26 %, medan det har vore ei auke på 67 % i militære oppdrag i tida frå 2021 til 2025. Dette har i høg grad redusert talet sivile oppdrag i same periode, noko som særleg har gått ut over fiskerioppsynet som skulle vera av Kystvakten sine hovudoppgåver. Det er det auka allierte militære nærværet i norske område som har ført til auka behov for støtteoppdrag frå Kystvakta. Dette er særleg alvorleg i ei tid kor det er sterk konkurranse om fangst av stadig minkande fiskeriressursar i norske farvatn. Frode Bygdnes, tidlegare mangeårig medlem av Raudt og før det AKP, har skrive veldokumenterte artiklar om dette og reist krav om at Kystvakta må få konsentrera seg om fiskerioppsyn og den sivile oppgåveportefølja.
Den massive militære opprustinga av Noreg som «venstresidepartia» Raudt og SV går inn for, vil uavhengig av fromme ønske og utsegn om at det ikkje «bør» gjera det, opplagt gå på kostnad av ulike velferdstiltak, som skular, helsevesen og trygder. Eit «norsk forsvar» stadig djupare integrert i NATO, om det no er i det direkte kommandosystemet, eller i britane sin Royal Navy eller i det tyske ubåt-våpenet, vil redusera norsk sjølvråderett både i fredstid og kriser. Samstundes er denne organiseringa og opprustinga skapt for å gjera det norske militærvesenet til ein integrert del av NATO sine innsatsstyrkar til innsats overalt i verda. Denne stadig tettare militære integreringa vil slik i vesentleg grad auke sjansen for å føra Noreg inn i nye krigar.
Dette er en artikkel fra Revolusjon nr. 68, våren 2026.

