19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Bjørnar Moxnes på Karl Johan i Oslo. Pressefoto frå Raudt. CC BYBjørnar Moxnes på Karl Johan i Oslo. Pressefoto frå Raudt. CC BY

Partileiar Moxnes har komen ut av skapet som ein sann sosialdemokrat. No tilbyr han Ap og Sp «eit forpliktande samarbeid» til hausten.

Men dei andre sosialdemokratane i Ap og Sp gjer seg kostbare, trass i at Raudt blir mjukare for kvart nytt framstøt. Rett over nyttår ville den «pragmatiske» Moxnes ikkje stille ultimatum korkje når det gjeld NATO eller EØS for å vere fast elskar. No går han enno litt meir ned på kne og byr på eit fast partnerskapsforhold etter valet til hausten. Når NRK spør kva krav han vil stille til ein samarbeidsavtale, ramsar Moxnes opp følgande politikkområde:

  • Forskjellane skal ned
  • Profittfri velferd
  • Slutt på «handlingslammelsen» innanfor natur-, klima- og næringspolitikk

Dette kunne ha vore krav frå det sosialliberale Venstre for nokre tiår attende. Med så knallharde krav er det ikkje merkeleg om Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum treng tid til å tenkje seg om!

Er det sosialdemokratisk striptease Raudt driv med? No har partiet snart ingen fleire raude plagg å kaste av seg

Raudt legg seg på same line som dei raudgrøne «partnarane» i fleire saker. Partiet er nøgd med å syne «skepsis» til framlegget om portforbud frå regjeringa. Medan Frp – av alle parti – står att åleine som forsvarar av demokrati og menneskerettar på dette feltet!

Det har gått litt dårlegare på meiningsmålingane til Raudt den siste tida. Kan det henge saman med at dei raude veljarane ser kva for veg dette ber?

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre