16 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Arbeidsfolk, sjuke og gamle må som vanlig betale under Erna-regimet.Arbeidsfolk, sjuke og gamle må som vanleg betale under Erna-regimet.

Statsbudsjettet for 2021 lagt fram av Solbergregjeringa held fram i nett same sporet som dei tidlegare budsjettane frå regjeringa: Skattelette til dei rikaste og velferdskutt til dei sjukaste og fattigaste i samfunnet.

Skattelette til dei rikaste kjem òg i år ved nye kutt i formuesskatten. Verdsettingsrabatten for aksjer og driftsmiddel neste år vert i forslaget auka frå 35 til 45 prosent. Samstundes føreset regjeringa negativ reallønnsvekst på 1,3 prosent i 2021, altså direkte nedslag i realløna for vanlege folk..

Dette skattekuttet gjev 1,37 milliardar kr meire til kapitaleigarane og tilsvarande mindre til statskassa. Høgre og dei andre opent borgarlege partia har grunngjeve kutta i formuesskatten med at dette vil føra til fleire arbeidsplassar. I fylgje ein rapport utarbeida av nokre av landet sine framste økonomar ved Frisch-senteret, så stemmer ikkje dette med røynda, men førar derimot til færre arbeidsplassar og at mindre pengar vert ført attende inn i bedriftene.

Nye åtak på velferden

Samla redusert skattenivå under sju år med Solberg-regjeringa er 27 mrd. kroner. Andelen av folk med «vedvarende låg inntekt» (mindre enn 60 prosent av medianinntekten) har til samanlikning auka med nærare to prosent sidan slutten av 1990-talet.

Kutta i formuesskatten vert finansiert ved kutt i velferden for sjuke og pensjonistar, og ved ytterlegare struping av overføringane til kommunane, noko som vil gå ut over lokale velferds-, helse- og skuletilbod.

Budsjettframlegget innebér at dei to eigenandelssatsane for dei mange som årleg er avhengige av medisinar og helsehjelp vert slege saman til ein. Staten vil spara 332 millionar kr på dette for 2021. Regjeringa vil òg auke kuttet i brillestønaden til barn for at staten skal spara ytterlegare 198,2 mill. kr på dette neste år.

Pensjonistane har ved underregulering av trygda i forhold til prisveksten vorte fråtekne 32 mrd. kr gjennom dei siste fem åra, og regjeringspartia og Arbeiderpartiet går inn for at dette misforholdet skal halda fram. Pensjonistane vil etter statsbudsjettframlegget få ytterlegare nedgang i kjøpekraft i det komande året.

Den samla kostnadssida til statsbudsjettet for 2021 er på 1515 milliardar kroner, og samla statsinntekter er beregna til 1242 mrd. kroner. Mankoen vert dekt innanfor handlingsregelen for overføringar frå Oljefondet.

Her er det òg gjort rom for rikeleg med symbolpolitikk for dei ulike regjeringspartia, som synar seg i alt frå positiv auking av barnetrygden til kosmetisk senking av avgiftsnivået på sukkerfri brus. Når det gjeld sistnemnde så har NTB rekna ut at ein person som drikk 45 liter sukkerfri brus i året vil spara heile 61 kr på dette i 2021.

Meir til krig og masseovervaking

Når det gjeld eit av regjeringa sine satsingsområde, så kan det vera av særleg interesse å sjå på framlegget til forsvarsbudsjett. Dette vil for neste år vera på 64,5 mrd. kroner. Det er ei auke på 3,5 mrd. kr frå inneverande år, og ei prosentvis auke på 4,1 prosent. Dette er òg etter at dei siste budsjettmidlane til Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) frå og med budsjettåret 2021 er overført frå Forsvarsdepartementet til Justisdepartementet.

Militariseringa held fram

Størstedelen av auken i forsvarsbudsjettet går til investeringar i milliardklassen i bygningar og materiell i Porsanger og Sør-Varanger, samt til sterk auke i kostnadane til anskaffing og drift av det nye jagerflyet F-35. Vesentleg grunna svekking av den norske krona opp mot amerikanske dollar, vert flya 20 mrd. kr dyrare enn forrige kostnadsoverslag.amla levetidskostnadar for desse flya er no rekna til 352,9 mrd. kroner som er heile 45 mrd. kr meir enn stipulert for få år attende.

Teksten held fram under biletet.

norwegian air force f35a

I Forsvarsdepartementet (FD) sitt budsjett ligg det inne 1 mrd. kr til internasjonale militære operasjonar for neste år, vesentleg i Afghanistan, Irak og Litauen, og at Noreg som NATO-medlem og skal bidra til «reform og effektivisering» av dei væpna styrkane i ei rad land på Balkan og faktisk òg i Jordan og Georgia.

Ein av budsjettpostane til FD som det kan vera eit poeng å dvela litt nærare ved, er løyvingane til Etterretningstjenesten. E-tenesten får ei budsjettauke på 176,8 mill kr, til 2,365 mrd. kroner for budsjettåret 2021. Dette er vel å merke offisielle tal, og det kan stillast spørsmål ved om denne tenesten ut frå sin natur og kravet til hemmeleghald får alle sine løyvingar til løn og driftsmiddel som bilar og husvære over Forsvarsdepartementet sitt budsjett, eller om dette førast via andre departement/verksemder.

Argumentasjonen for auken i E-tenesten sitt budsjett er hovudsakeleg den nye loven for E-tenesten med ikrafttreden 01.01.2021, som mellom anna medførar masseinnhenting og lagring av metadata her i landet i hittil uante proposjonar. EU-domstolen har nett avgjort at slik masseovervaking av datakommunikasjon i medlemslanda berre er lovleg dersom det ligg føre «eit alvorleg trugsmål mot den nasjonale tryggleika». Men ved dette høvet vil visst ikkje regjeringa lystre EU, slik ho elles har for vane.

Statsbudsjettet 2021 er eit budsjett som held fram trenden med aukande sosiale skilnadar i det norske samfunnet, og til fleire milliardærar og til fleire fattige.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre