16 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Dette biletet frå mars 2015 viser den andre forsendinga av amerikanske Humvee-køyretøy. Kjelde er den amerikanske ambassaden i Kiev. CC BY-SADette biletet frå mars 2015 viser den andre forsendinga av amerikanske Humvee-køyretøy. Kjelde er den amerikanske ambassaden i Kiev. CC BY-SEin eventuell krig mellom Russland og Ukraina vil få store og farlege konsekvensar elles i Europa. I røynda vil det vera ein imperialistisk krig mellom stormaktsrivalane USA/NATO og Russland. (Artikkelen er frå våren 2021, men er diverre ikkje mindre aktuell.)

Den politiske og militære situasjonen i og rundt Ukraina har skjerpa seg kraftig den siste tida. Regjeringa i Kiev har erklært at ho vil atterreise full ukrainsk suverenitet over ikkje berre Donbassområdet men òg over Krim, og den ukrainske presidenten Zelenskij har ikledd seg uniform og inspisert militære styrkar aust i landet. Dette samstundes med at det har vorte oppmarsjert store mengder soldatar og militært utstyr langs grenseområda til dei russiskvenlege opprørsrepublikkane i Donetsk og Lugansk heilt aust i Ukraina. Russland har svara med ei kraftig militær styrkeoppbygging med omlag 80 000 soldatar langs grensa til Ukraina.

Militær oppbygging på båe sider

Den ukrainske militære oppbygginga er eit faktum som har vorte underslått av norske og vestlege media, mellom anna av Dagsrevyen som har laga dramatiserte innslag frå den ukrainske sida av fronten, medan den russiske styrkeoppbygginga har fått stor merksemd. Denne russiske troppeforflytninga innan Russland har ført til høglydte protestar og fordøming frå vestleg hald, frå alt frå president Biden og kanslar Merkel, til generalsekretær Stoltenberg og utanriksminister Eriksen Søreide. NATO har gått ut med kraftige åtvaringar og sabelrasling, og har i tillegg til pågåande militær øvingsverksemd frå Arktis til Sentral-Europa, varsla auka patruljering i lufta og til havs i Ukraina og Svartehavsområdet. USA varsla at dei skulle senda to jagarar til Svartehavet, men har avblåst denne operasjonen etter at Russland nyleg varsla at dei vil stenge av Azovhavet ved Kertsjstredet mellom Krim og Russland for alle utanlandske skip.

Bakteppet for denne konflikten er den politiske uroa som har vore i Ukraina sidan oppløysinga av Sovjetunionen i 1991–92, og dei historiske og delvis nasjonale motseiingane mellom aust og vest i landet, samt det kuppet som vestleg orienterte politikarar med støtte frå USA og EU gjennomførte i 2014. Dette førte i sin tur til russisk annektering av Krim, og opprør mot sentralregjeringa i dei to austlegaste oblast-ane i Ukraina, Donetsk og Lugansk. Opprørarane her held no delar av desse to områda og har erklært desse som høvesvis Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Lugansk. Desse har ein samla storleik på noko over 16 000 kvadratkilometer, som til samanlikning er litt større enn Agder fylke, og har ein folkesetnad på i overkant av 4 millionar menneske. I åra etter at desse to einsidig erklærte republikkane vart proklamerte har omlag 500 000 av innbyggjarane der søkt om og fått innvilga russisk statsborgarskap. Krigshandlingane i dette området har så langt ført til 14 000 drepne, deriblant 3 000 sivile, og 1,4 millionar fordrivne frå heimane sine.

Eit anna faktum er at Donbassområdet er tungt industrialisert og har særs rike forekomstar av kol, samt at dette området og store delar av Svartehavskysten tilhøyrande Ukraina først vart overført frå Russland til Ukraina ved etableringa av Sovjetunionen i 1922. Krimhalvøya vart overført frå Den russiske føderative republikken i Sambandet av sosialistiske sovjetrepublikkar (SSSR) til ukrainske SSR i 1954.

Regjeringa i Ukraina har sidan 2014 ønska at landet skal bli medlem i NATO. Landet er Enhanced Opportunities Partner i NATO, til liks med Georgia, Jordan, Australia, Finland og Sverike. Dette tyder m.a. auka informasjonsdeling, sams øvingar og interoperabilitet når det gjeld kommunikasjon og utstyr. 

Støtte frå USA, NATO og EU

Kiev har dei seinare åra mottatt massiv politisk og militær støtte frå USA, EU og NATO. EU har gitt landet lån og tilskott på i alle høve 18 milliardar dollar sidan 2014, og USA åleine ein sum på kring 6 milliardar dollar i same perioden, og så langt 2,34 milliardar dollar berre no i 2021.

Store delar av støtta frå USA har vore i form av høgteknologisk militært materiell, som m.a. missilar, kommunikasjonsutstyr, radar-, eldleiing- og satellitt-teknologi. Det er òg kjend at det er militære rådgjevarar og instruktørar frå dei ulike amerikanske våpengreinene til stades i Ukraina. Landet har òg motteke fleire mindre marinefartøy frå USA og UK, samt ulike typar ex-sovjetisk militærutstyr frå andre land i Aust-Europa som no er NATO-medlemar.

Denne opprustinga ved tilførsel av høgteknologisk militærutstyr og militærfagleg rådgjeving minner om andre nyare historiske døme som har ført til lynkrig mot og heilt eller delvis nedkjemping av opprørsprovinsar. Dette gjeld krigen mot den sjølverklærte serbiske republikken Srpska Krajina i Kroatia i 1995 og krigen mellom Armenia og Aserbajdsjan om Nagorno-Karabakh i 2020. 

I tillegg til tilførsel av overlegen moderne militærteknologi og utanlandske instruktørar til den sigrande sida, var føregåande politiske hestehandlar og utanlandsk politisk press sentrale element i desse krigane. Når det gjeld utbrytarrepublikkane i Donbass ser det så langt ikkje ut til at Russland vil inngå politisk hestehandel ved å oppgjeve støtta til desse, og om då Ukraina ikkje bakkar, aukar faren for storkrig.

Framståande representantar for russiske styresmakter har uttalt at Ukraina bryt Minsk-avtalene frå 2014 og 2015 om våpenkvile, desentraliserande reformer og lokalt sjølvstyre i Aust-Ukraina, og at eit ukrainsk åtak på utbrytarrepublikkane i Donbass «vil føra til likvidering av Ukraina som stat».

USA som bakspelar

Det er fleire grunnar til den militære opptrappinga i og i områda kring Ukraina. Det opplagt og mest synlege er freistnadene til regjeringa i Ukraina på å få kontroll over heile det i nyare tid historiske territoriet sitt, om ikkje i første omgang Krim så i alle høve utbrytarområda i Donbass. Russland vil behalda si interessesfære og vil for all del unngå at enno eit land som tidlegare ikkje berre var del av Warszawa-pakta men òg av Sovjetunionen, skal verta medlem av NATO. Det vil vera umogleg for NATO, uavhengig av kva alliansen måtte erklæra, å ta opp Ukraina som medlem så lenge landet ikkje har avklara grenser og har ein pågåande militær konflikt innanlands.

USA har ei nykkelrolle som bakspelar her, som militær men ikkje minst og som vikande økonomisk og politisk supermakt. Landet har interesse av å provosera fram ein konflikt eller krig mellom Russland og Ukraina for i første rekke å forverra tilhøvet mellom Russland og EU. Dette for å kunne vidareføra sanksjonane mot Russland, men mest viktig for USA for å kunne knyta EU og Vest-Europa tettare politisk til USA og for å stogge gassrøyrleidninga NordStream 2 frå Russland til Nord-Tyskland.

Det optimale for USA og NATO i denne samanhengen vil vera om dette og eventuelt ville gjelda gassrøyrleidninga TurkStream frå Russland til Tyrkia, og at ein krig i området vil stogge den politiske og militære tilnærminga som skjer mellom desse to landa.

Ein eventuell krig mellom Russland og Ukraina vil få store konsekvensar elles i Europa. Det vil slik òg føra til auka politisk og militær spenning mellom Russland og Noreg, og USA- og NATO-tilknytninga her i landet vil dra seg til ytterlegare nokre hakk.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre