28 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Fra valgkampen til Joe Biden. Foto: Gage Skidmore CC BY-SAFrå valkampen til Joe Biden. Foto: Gage Skidmore CC BY-SA

Det tok 36 dagar før den «fredelege og forutsigbare» president Biden gav ordre om eit uprovosert åtak mot Syria.

20. januar i år blei Joe Biden innsett som ny amerikansk president. Under avlegging av eiden var Washington sine gater nærast tomme for folk. I staden for eit jublande publikum var byen okkupert av 25 000 soldatar frå Nasjonalgarden. Det heile minte mest om ei krigssone.

Trump som krisesymptom

Dei siste fire åra har USA hatt ein president som verdssamfunnet har oppfatta som uforutsigbar. Rett nok har ikkje Donald Trump starta nokon ny krig, men hans ofte meiningslause utspel har heller ikkje gjort verda til ein tryggare stad.

Kina er utpeika som økonomisk og militær fiende og er underlagt sanksjonar frå Vesten. Forholdet til Russland er anstrengt. På toppen av alt dette har Trump trekt USA frå store internasjonale avtaler som Paris-avtalen om klima og internasjonale nedrustningsavtaler. Han har òg trekt USA ut av Verdas Helseorganisasjon.

Donald Trump sin periode har vore prega av bakvasking og vrangforestillingar. Utanrikspolitisk kaos er symptom på ei supermakt i tilbakegang.

Imperiet ved eit vendepunkt

Det amerikanske imperiet slik vi kjenner det står ved eit vendepunkt. Kina og Russland som tidlegare var rivalar er nå blitt reelle utfordarar. USA sine nære allierte har akseptert det meste frå Trump. Det har tydelegvis vore viktig for dei å halde på det gode forholdet til USA. Norge har vore vertsland for fleire og større NATO øvingar i desse fire åra. Vi har oppretta militærbasar som heilt klart er i strid med baseerklæringa frå 1949.

Tilbake til seremonien i Washington 20. januar. Det er kun gått dagar sidan det fascist-inspirerte angrepet på Kongressen. USA står midt i den verste krisa sidan Borgarkrigen med 400.000 døde av coronaviruset. Sjukehus og likhus over heile landet slit med sprengt kapasitet. Forskarar spår ein million døde før året 2021 er over. Det er dramatiske tal, fleire enn USA mista i dei to verdskrigane til saman. I tillegg til dei dystre tala over corona-offer er USA ramma av ei djup økonomisk krise. Tusenvis av bedrifter har gått konkurs og fleire hundre tusen er sendt ut i arbeidsløyse og fattigdom. Men det er ikkje krise for alle. Storkapitalen og finansmarkeda har auka sine formuar kraftig i same perioden.

Alt dette vil hamne på den nye presidenten sitt bord. Vil han skape tillit blant vanlege folk må han ta tak i det. Men har han vilje og evne? Hans kabinett består først og fremst av folk frå Obama sin administrasjon. Dei vil nok først og fremst lytte til kva Wall Street og the establishment har å seie.

Ein global krigar

Joe Biden er ein ivrig talsmann for NATO sin globale ekspansjon som vi har sett dei siste åra, og for USA sine interesser i dei tidlegare austblokklanda. Han har støtta alle NATO sine krigar. Som visepresident for Obama var han ein av arkitektane bak krigen og øydelegginga av Libya i 2011.

Biden er forsvarsindustrien sin yndling og dei forventar nok at han strammar skruen mot Kina. I valkampen kritiserte han Donald Trump for ikkje å vere tøff nok i det spørsmålet. Anti-imperialister bør være på vakt. Det er grunn til å tru at åpen imperialistisk rivalisering vil være eit framtredande trekk i den kommande presidentperioden. Det er neppe nokon grense for den herskande klassen. Alt vil bli gjort for at USA skal halde fram som global supermakt, og Joe Biden er øverstkommanderande dei neste fire åra.

For Norge vil neppe presidentskiftet ha nokon stor betydning. Vi vil framleis vere eit lydig medlem av NATO. Det betyr at vi framleis er eit mål for angrep og vi kan bli trekt inn i konfliktar som i utgangspunktet skulle vere oss uvedkommande.
Skal vi styrke vår sikkerheit må vi melde oss ut av alliansen. Då vil andre land sjå på oss som fredelege.

Kanskje vi heller skulle styrke samarbeidet med vår store nabo i aust og slutte med ubegrunna skuldingar og meiningslause sanksjonar.

Artikkel frå Revolusjon nr. 58, våren 2021.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre