23 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

avlytting

Styresmaktene i Noreg er stillvorne, medan protestane frå andre land er høglydte.

I mai vart det kjent at USA driv overvakning av norske, svenske, franske og tyske politikarar. Dette har skjedd ved at NSA (National Security Agency), som er den største av USA sine 16 (kjente) etterretningstenester og som har omlag 30.000 tilsette, har fått fri tilgang av Forsvarets Efterretningstjeneste til all internettrafikken i danske fiberkablar.

Tappar fiberkablar

Mykje av internettrafikken til Noreg passerar via Danmark på veg til store delar av Europa og USA. Via eit samarbeid mellom dei amerikanske og danske hemmelege tenestene har det vorte etablert eit system som har laga søkbar kopi av trafikken i fiberkablane.

Det er desse fiberkablane som gjer det mogleg for folk òg her i landet å ringja kvarandre, surfe på nettet og svara på e-post. Det var journalistar i Danmarks Radio som avdekte denne spionasjen, og ifylgje dei har denne etterretningsverksemda særleg retta seg mot personar og politikarar i dei fire landa med oppgåver og ansvar innanfor det utanriks- og forsvarspolitiske området. For USA og Danmark sin del kan ein lett tenkja seg at norske vurderingar som går på forvaltninga av Svalbard og på olje- og fiskeriressursane òg kan vera av særskilt interesse.

Kraftige protestar

Denne spionasjen førte til kraftige og høglydte protestar frå leiande politisk hald i Sverike, Tyskland og Frankrike. I Danmark vart det nedsett ein særskilt undersøkingskommisjon, og fleire leiande tenestemenn i den danske etterretningstenesta vart friteke frå sine embeter. Rapporten frå denne undersøkingskommisjonen skal leggjast fram ein gong no i haust.

I Noreg tok regjeringa ved statsminister Solberg og forsvarsminister Bakke-Jensen ei rad atterhald om avsløringane var sannferdige eller ikkje. Dei ville helst ikkje ville uttala seg om dette, langt mindre ta klår avstand frå denne spionasjen.

Med så unnvikande styresmakter kan ein berre spørja seg kor omfattande denne, og annan spionasje, er mot organisasjonar, politiske parti og einskildindivid her i Noreg.

Denne saka føyar seg inn i ei rad av liknande avsløringar dei seinare åra. Ho synar atter det store omfanget av amerikansk overvakning, og at USA nyttar dei politiske og militære musklane sine som supermakt til å fremja eigne interesser og i høve til sine eigne allierte. Denne spionasjeavsløringa synar og den faktiske sterke rivaliseringa mellom dei ulike imperialistmaktene, og at norske styresmakter er dei mest servile andsynes USA i heile Vest-Europa.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre