16 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Sykepleiere i aksjon ved Herlev hospital.Sjukepleiere i aksjon ved Herlev hospital. Støtten til kampen deira er massiv frå pasientar, pårørande og frå andre deler av fagrørsla.

Etter fleire månader med streik for betre arbeidstilhøve i sjukehussektoren, vedtok danske styresmakter at streiken var til fåre for pasientane og avbraut han. Men dei danske sjukepleiarane let seg ikkje stanse i kampen for likeløn og eit fungerande offentleg helsevesen.

Det var ein omfattande sjukepleiarstreik i Danmark frå 19. juni til 27. august. Konflikten har vore hard og langvarig, og det pågår framleis omfattande faglege aksjonar i den danske sjukehussektoren.

Thomas Markvart Sørensen er sjukepleiar og har vore aktiv i denne streiken. Han jobbar no ved eit sjukehus i Bærum, og Revolusjon nytta høvet til å be han fortelle om dei danske erfaringane.

Kamp om løn utvikler seg til kamp for politiske krav

– Kan du fortelle litt om bakgrunnen for streiken ved sjukehusa i Danmark?
thomas soerensen croppedThomas Sørensen er dansk sjukepleiar. For tida arbeider han i Noreg.– Dette var opphaveleg ein streik for høgare løn, kor opp mot 7500 sjukepleiarar over heile landet deltok, seier Thomas. – Det er slik at det har utvikla seg lønsskilnader mellom ulike grupper av offentleg tilsette i Danmark. Bakgrunnen for dette er regelverk som vart innført så langt attende som i 1969, då ein ny tenestemannsreform for offentleg tilsette vart innført. Denne loven tok utgangspunkt i dei skilnadane som var mellom lønene i tradisjonelle kvinne- og mannsyrker, og har sementert desse skilnadene. Offentleg tilsette danske sjukepleiarar, som eit tradisjonelt kvinneyrke, har slik sakka akterut i løn samanlikna med t.d. lærarar, som var eit tradisjonelt mannsyrke.

Danske styresmakter har nekta å ta tak i dette misforholdet, og sagt at dette er noko som må tas opp under lønsforhandlingane. «Dette er eit overenskomstspørsmål, og ikkje eit politisk spørsmål», uttala statsråden for likestilling Peter Hummelgard frå Socialdemokratiet.

Lønsnemnd på dansk

Det vart i august sendt ut framlegg til overenskomst, som sjukepleiarane så avviste i påfølgende uravstemning. Den danske regjeringa vedtok då ein lov, tilsvarande tvungen lønsnemnd i Noreg, om at sjukepleiarane måtte gå attende til arbeidet og godta det tilbodet dei nett hadde avvist. Dette lovvedtaket gjeld fram til våren 2024, og sjukepleiarane må slik ta til takke med same løn og arbeidsvilkår fram til då.

– Har arbeidstilhøva på sjukehusa òg vore viktige som grunnlag for streiken?

– Det som byrja med krav om høgare løn, var heile tida òg ein protest mot dei stadig dårlegare arbeidstilhøva som danske sjukepleiarar opplever. Arbeidspresset har vorte høgare og arbeidsmiljøet ved danske sjukehus har vorte dårlegare dei seinare åra, då styresmaktene satsar på kvantitet framfor kvalitet i helsevesenet, og vil at det same antalet sjukepleiarar skal ha ansvar for stadig fleire pasientar.

Undersøkingar synar at 90% av danske sjukepleiarar vurderar å søke anna arbeid, og fem prosent har allereie gjort dette. Ein av fire sjukepleiarstudentane fell ifrå under utdanningsperioden, og kvar sjuande nyutdanna sjukepleiar sluttar i yrket innafor ein periode på to år.

Sjukepleiarane har heller ikkje lov til å ytra seg offentleg om dei dårlege arbeidstilhøva, då den lovbestemte lojalitetsplikta til offentleg tilsette i Danmark set grenser for ytringsfridomen deira.

Punktstreiker held fram, trass i streikeforbod

– Kampen blant sjukepleiarane held tydelegvis enno fram. Korleis skjer dette?

– Som ein protest mot denne utviklinga, og det lønsdiktatet som sjukepleiarane har vorte utsette for, har det sidan august blitt arrangert ymse protestaksjonar. Dette er kortvarige arbeidsnedleggjingar på ein time ved starten av arbeidsdagen ved ulike sjukehus over heile Danmark, aksjonar som skjer uavhengig av fagforeiningane.

Det som byrja som ein fagleg kamp for høgare løn har slik utvikla seg til ein politisk kamp for betre arbeidstilhøve, og for høgare kvalitet i det danske helsevesenet.

Desse punktstreikane handlar meire om uro for arbeidsmiljøet og utviklinga i det danske helsevesenet, enn om løn. Aksjonane har vorte møtte med sympatierklæringar frå andre offentleg tilsette som til dømes lærarar og jarnbanearbeidarar, og det blir arrangert innsamlingsaksjonar for å betale dei bøtene som alle dei som deltar i punktstreikane vert idømt.

Det som byrja som ein fagleg kamp for høgare løn har slik utvikla seg til ein politisk kamp for betre arbeidstilhøve, og for høgare kvalitet i det danske helsevesenet.

Denne kampen fortenar merksemd og støtte frå arbeidarar og progressive ikkje berre i Danmark, men òg her i Noreg og i andre land. Det er fleire paralellar til den førre sjukehusstreiken her i Noreg.

Det er naudsynt og ein styrke for denne kampen, og for alle faglege kampar som skal utviklast vidare til ein politisk kamp, at medvitne og kunnskapsrike tilsette av Thomas sin type tar på seg rolla med å gå i spissen for slike aksjonar.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre